fredag 25. januar 2008

Spøkelseshistorie

Eg sat heime og såg NRK Drama sin store triumf Skolen på dvd og kjørte i meg sherry, då eg plutseleg høyrde eit brak frå garasjeporten. Eg fann aldri ut kva det var.

tysdag 22. januar 2008

På kafé

Då eg strauk gatelangs i går mens eg usjenert tok meg ein kikk inn i alle offentlege møtelokale eg passerte på vegen, tenkte eg på eit tidspunkt og ved eit syn; Er det ikkje..? og Er det ikkje..? Og jaudå, det var sjølvaste Lommemannen som var på kafé med guttekvinnen Barbora. Kva dei samtala om var eg dessverre avskore frå, men det såg ut til at dei bestilt seg kvar sin Kaffe Mocca samt kvar sin skillingsbolle.

søndag 20. januar 2008

2008-barneregle

Eg får bare så klaus. Jaså jaså? Kva er dette som gjev deg klaus? Det er skjerfet, som eg strammar som ein galge. Kva anna er det som gjev deg klaus? Det er mor mi, som gjev meg middag. Kvifor får du klaus av det? Smak på sosen, så skjønar du kva eg meiner.

laurdag 5. januar 2008

Laurdag

Det var laurdagskveld, og eg skulle nett til å unne meg sjokoladehjartet eg hadde fått av mor mi til jol med påskrifta "Glad i deg", då det knakka på døra. Eg opna, og der sto svensken. Står du der og frys flettene av deg, ditt gamle troll, sa eg og inviterte han inn. Det blei ein triveleg kveld på mange slags vis, stikkord er pappvin og ein innovativ film om frivillig pedofili. Til slutt tok eg mot til meg og spurte om han hadde lyst til å sove over, men då var det som om begeret flaut over for svensken, og han skulda meg i harde ordelag om å bare "skoja" med han og ikkje respektere statusen hans som uteliggjar.

fredag 4. januar 2008

Vaskevatn til sals

Me fekk i oppgåve å vaske golvet etter ein fest på arbeidsstaden vår, der Jon Fosse var. No sel me vaskevatnet i små kapslar som relikvier. Kjøp genivatn til berre femti kroner!

tysdag 1. januar 2008

2009

Godt nyttår, nei, dessverre det blei eit dårleg nyttår. Det verste av dei alle.

torsdag 13. desember 2007

Ein dag i mitt liv

Eg vakna med alle kleda på i eit framand rom. Eg var aleine i senga. Framfor vindauga hang det myggnetting, og i det fjerne kunne eg høyre det smertefulle hylet frå ein hyene. Å nei, tenkte eg, dette kan berre bety ein ting: kommunestyremøte.